Fjordingen På Flo Skue

John Olav Lefdal på Flo skue

Informações:

Synopsis

John Olav Lefdal (53) tente sine første kroner som 4-åring og var i full jobb etter endt ungdomsskule. Først i faren sin daglegvarebutikk, men etter kvart i sine eigne selskap. Allereie som 23-åring etablerte han det som skulle bli NorDrikk. Eit selskap som fyller 30 år til hausten og som går betre enn nokon gong. Men Lefdal likar å sjonglere mange ballar og sidan 1987 har det blitt både verft, hotell, salg av eksklusive båtar og cruise. Han har nokre av landets rikaste på kundelista og vart norgeskjent då han tok artisten Adele med på båttur i Oslofjorden. I fjor var han organisator og vertskap då verdsstjerna Justin Bieber ville ha ein fridag i Nordfjord. Høyr Lefdal fortelje om sin forretningstankegang, korleis han tente sine første kroner, ønsket om å skape og grilling av pølser med Justin Bieber.