Rvts Vest Podcast

Traume og triggarar ut til folket - Fredagsfokus podcast - 27.10.2023

Informações:

Synopsis

Var det enklare før, då traumefeltet tilhøyrde og vart drive av spesialistar? Då skiljet mellom psykisk helsearbeid og skule/utdanning var tydelegare? Var det ikkje enklare når ansvarsområda var relativt avklara? Vi er ikkje så sikre på det. Det er det same barnet som går på skule, i barnehage, til fotballtrening, til legen og spesialisthelseteneste. Eit heilt menneske som ikkje stykkevis og delt befinner seg her eller der. Kva barnet opplever i familien og på skulen, påverkar behandling og tilfriskning - behandling og tilfriskning påverkar familien og skulen. Traumebearbeiding skjer ikkje først og fremst i den klokketimen barnet sit i terapirommet - i alle fall ikkje om du spør hjernen. Traumebearbeiding skjer heile tida - ei bearbeiding alle rundt barnet kan legge til rette for. At kunnskap om traume og triggarar tilhøyrer skular, barnehagar og i barneidretten? Ja, sjølvsagt! Sendingen gikk 27. oktober 2023. I panelet: Steinar Hvål, psykologspesialist Mette Garmannslund, psykologspesialist Linda Kvalvi