Fjordingen På Flo Skue

Informações:

Synopsis

Fjordingen er lokalavisa i indre Nordfjord. I denne podcasten tek journalist Roy Aron Myklebust med seg spennande personar frå lokalmiljøet til utkikspunktet Flo skue. Med utsikt over strynebygda, løftar vi blikket og pratar om laust og fast. Både det den aktuelle gjesten er kjent for, men like mykje for å avsløre sider som er mindre kjent.

Episodes

  • Vekas utvalde med Ole Bergesen 12. oktober

    13/10/2022 Duration: 41min

    Ole Bergesen er fitjarbuen som tok revynorge med storm i 1995, då han entra scena på Høylandet med Ferjedirigenten. Eit nummer som representerte noko heilt nytt, og som gjekk rett heim hos publikum. Sidan då har han hatt eit innhaldsrikt sceneliv og vore primus motor for sommarrevyen på Fitjar i 22 år. Bli betre kjent med humoristen og "strynevenen" frå Fitjar!

  • Vekas utvalde med Arne Sølvberg 5. oktober

    06/10/2022 Duration: 51min

    Denne veka blir vi litt betre kjende med folkemusikaren Arne M. Sølvberg frå Fjelli. Han har gjennom eit langt musikarliv lagt ned ein stor innsats for folkemusikk og folkedans, og har også motteke ei rekkje prisar og utmerkingar for sine prestasjonar. Like fullt har det aldri vore tema å legge vekk bondeyrket til fordel for musikkarrieren.

  • Vekas utvalde Siv-Carina Vikestad 28.september

    02/10/2022 Duration: 30min

    Siv-Carina Vikestad (38)driv gravferdsbyrået Fjordferd. Bli betre kjent med den unge kvinna frå Sør-Helgeland, og høyr om den noko utypiske jobben, livet som vestlending når ein er nordlending og om lidskapen for hestar.

  • Vekas utvalde med Bjørn Lødemel 21. september

    22/09/2022 Duration: 52min

    Bli betre kjent med den tidlegare ordføraren og stortingsrepresentanten frå Hornindal. 22. september er det 10 år sidan opninga av Kvivsvegen, ei hending Lødemel skildrar som eit høgdepunkt i den politiske karrieren.

  • Vekas utvalde med Kim Rune Flo 14. september

    14/09/2022 Duration: 38min

    Kim Rune Flo er ein rappkjefta Floar og Oktoberfest-kardinal. Men han er også ein reflektert pappa og bestefar.

  • Vekas utvalde Marita Lindvik 7. september 2022

    08/09/2022 Duration: 44min

    Bli betre kjent med ho som leiar Visit Nordfjord. For Marita Lindvik er det eit poeng at reisemålsutvikling også skal skape bulyst. Ho tykkjer dessutan at resultatkrav triggar meir enn det stressar.

  • Vekas utvalde med Sven Flo 31.august

    01/09/2022 Duration: 50min

    Tidlegare ordførar Sven Flo om nedtrapping i lokalpolitikken, draumen om bondeyrket, tida i Forsvaret og planar framover. Vi beklagar tidvis noko dårleg lyd!

  • Vekas utvalde med Sonja Øvre-Flo 24. august

    25/08/2022 Duration: 35min

    Sonja Øvre-Flo; Ordførarkandidat og nybakt bestemor. Bli betre kjent med servitøren frå Sunnmøre som har sikta seg inn på ordførarjobben i Stryn.

  • Vekas utvalde med Jørn Sønsterudbråten 17. august

    17/08/2022 Duration: 44min

    Jørn Sønsterudbråten er gjennom Fagre Stryn Aktivitetsselskap ansvarleg for organiseringa av Stryn sine to største arrangement; Motorfestivalen og Strynemessa. Bli betre kjent med den tidlegare tømraren og handballspelaren frå Oppsal.

  • Vekas Utvalde med Marit Fjell 10. august

    11/08/2022 Duration: 42min

    I denne sendinga har Roy Aron B. Myklebust teke turen ut av studio og besøkt Marit Fjell. Ho fylte nyleg 100 år, og i dette intervjuet fortel ho om eit liv ikkje fritt for dramatikk.

  • Vekas Utvalde med Roger Sevrin Bruland 3.august 2022

    04/08/2022 Duration: 01h22s

    Utvikar og NRK korrespondent, Roger Sevrin Bruland, er gjest i Vekas utvalde. Høyr han fortelje om rustekuse, vegen til korrespondentjobben og korleis det er å rapportere frå eit krigsområde.

  • "Vekas utvalde" med Mats Solheim

    02/07/2022 Duration: 56min

    Gjest denne gong er tidlegare fotballproff Mats Solheim (34) frå Loen. Høyr om vegen fram til stjernestatus i svensk toppfotball.

  • Vekas utvalde med Ketil Finsås Hansen

    28/06/2022 Duration: 58min

    Onsdagane får Fjordingen-journalist og programleiar Roy Aron Brenvik Myklebust besøk i Radio Stryn-studio av ein aktuell gjest. Denne gongen har bygdeutviklar, amatørskodespelar og sacco sekk-seljar Ketil Finsås Hansen teke turen innom.

  • "Vekas Utvalde" med Else Jenny Staalnacke

    20/06/2022 Duration: 57min

    Kvar onsdag frametter våren og forsommaren får Fjordingen-journalist og programleiar Roy Aron Brenvik Myklebust besøk i studio av ein aktuell gjest. I denne sendinga er Else Jenny Staalnacke (36) gjest. Dottera av Odd og Henny, og søster til Simen Staalnacke, har også valt eit kreativt spor. Høyr meir om den engasjerte kvinna som flytta tilbake til heimbygda for to år sidan.

  • "Vekas Utvalde" med Ann Helen Blakset

    13/06/2022 Duration: 57min

    Kvar onsdag frametter våren og forsommaren får Fjordingen-journalist og programleiar Roy Aron Brenvik Myklebust besøk i studio av ein aktuell gjest. I løpet av den timelange praten får lyttarane høve til å bli betre kjende med personar frå lokalmiljøet som er engasjert i aktuelle saker eller arrangement og hendingar i området. Denne gongen er marknadssjef i Alxandra-konsernet, Ann Helen Blakset, gjest.

  • "Vekas Utvalde" med Sjur Ole Svarstad

    29/05/2022 Duration: 55min

    Kvar onsdag frametter våren får Fjordingen-journalist og programleiar Roy Aron Brenvik Myklebust besøk i studio av ein aktuell gjest. I løpet av den timelange praten får lyttarane høve til å bli betre kjende med personar frå lokalmiljøet som er engasjert i aktuelle saker eller arrangement og hendingar i området. Denne gongen er Sjur Ole Svarstad gjest. 40-åringen frå Markane vart nyleg annonsert som den nye landslagstrenaren i langrenn for kvinner.

  • "Vekas Utvalde": Kari Synnøve Muri

    21/05/2022 Duration: 59min

    Kvar onsdag frametter våren får Fjordingen-journalist og programleiar Roy Aron Brenvik Myklebust besøk i studio av ein aktuell gjest. I løpet av den timelange praten får lyttarane høve til å bli betre kjende med personar frå lokalmiljøet som er engasjert i aktuelle saker eller arrangement og hendingar i området. I dette programmet er kyrkjeverje og lokalpolitikar Kari Synnøve Muri gjest. Programmet var sendt 4. mai 2022.

  • "Vekas Utvalde": Jan Egil Flo

    21/05/2022 Duration: 54min

    Kvar onsdag frametter våren får Fjordingen-journalist og programleiar Roy Aron Brenvik Myklebust besøk i studio av ein aktuell gjest. I løpet av den timelange praten får lyttarane høve til å bli betre kjende med personar frå lokalmiljøet som er engasjert i aktuelle saker eller arrangement og hendingar i området. I dette programmet er Moods-medeigar Jan Egil Flo gjest. Programmet vart sendt 11. mai.

  • "Vekas Utvalde": Vidar Stavik

    21/05/2022 Duration: 57min

    Kvar onsdag frametter våren får Fjordingen-journalist og programleiar Roy Aron Brenvik Myklebust besøk i studio av ein aktuell gjest. I løpet av den timelange praten får lyttarane høve til å bli betre kjende med personar frå lokalmiljøet som er engasjert i aktuelle saker eller arrangement og hendingar i området. Denne gongen er det politioverbetjent Vidar Stavik som er gjest i studio. Programmet vart sendt 18. mai.

  • Sport und Spaß, sending nummer 50, 8. desember 2021

    09/12/2021 Duration: 01h49min

    JUBILEUMSSENDING med lokalsport-quiz og maratonstunt! Harald Vartdal er quizmaster, medan Inge Asbjørn Haugen fullførte ein fullverdig maraton med målgang i radiostudio! Bryn deg på spørsmåla og høyr kven som vart kåra til Årets lokalsportleksikon.

page 2 from 6